søndag 22. juni 2008

Søndag 22 juni

Søndag 22.juni
I dag kom sola for fullt, noko våre raude naser ber preg av… Ragnhild har bedt om å bli snudd eit par gongar i natt. Vi fekk på oss uniformene og marsjerte ned til byen i lag med Hobøl skolekorps. Etter litt sjekking og påfyll av vatn framfor rådhuset, inntok vi den flotte byparken. Der fekk vi ei imponerande mottaking! Hundrevis hadde møtt fram! Og korpset innfridde forventningane! Kjempe bra! Solevåg spelte saman med tre andre norske korps: Konnerud, Hobøl og Syvde (med dei flotte gutane..).
Etterpå fekk vi eit minnerikt møte mellom Elin og borgermesteren, eller var det hovmesteren..?
Det var en stolt gjeng med foreldre som satt på sletta framfor scena! Såg vi nokre tårer?
Etter en rask lunsj var det dei store bølgene som frista! Vatnet var varmare enn lufta vart det hevda. Brr.. Utrulig fin badestrand! Laaang og med fin sand og store bølger!
Det er veldig flott å sjå kor kjekt musikantene har det i lag på tvers av alder! Med ballspel og freesbee på plenen. Berre kjekke og blide ungar og voksne! Alle koser seg i lag!
Dagen avslutta vi med en god middag med stroganoff og ris eller pasta. Ungane har god appetitt!

1 kommentar:

jorunn sa...

Hei, hei!! Veldig kjekt å følge med doke!! Ser ut som doke har det veldig bra!! KOs doke vidare!! KLem, JOrunn