tirsdag 24. juni 2008




HALLO ALLE HEIME.
Ja no har vi hatt ennå ein heilt fantastisk dag her i Bournemouth. Sol og fint ver hele tida. Etter frukost kom her to bussar som tok oss og Hobøl skolekorps med til Bournemouth School for Girls, ca 15 min fra hotellet. Alle elevane som møtte fram for å høyre på korpsa, stilte i mørkeblå uniform med svarte sko til. I skulen sin aula fekk så kvart korps 30 min til disposisjon. Solevåg spelte 4 nummer – Mangowalk, Halleluja, Dixiland Strut og til slutt Laving Samba til stor applaus.
På vegne av korpset presenterte Maria og Caroline bygda og Norge for øvrig via storskjem, alle dei frammøtte fulgte interessert med – kjempeflott innslag. Deretter fekk vi alle servert lunsj på skulen. Veldig spennende for alle å oppleve ein engelsk skule på innsida.
Ettermiddagen var til fri disposisjon, nokre valgte å shoppe og veldig mange nytta høve til å ta ein tur på den flotte sandstranda. Trur neste alle korpsmedlemmane var uti, men dei vaksne var pysete og orka ikke anna enn å stikke føtene uti…
Kl 17.30 var vi så tilbake på hotellet; då var det dekt fint på med småbord med kvit duk for alle ute på plenen. Der vart vi servert grillmat av dyktige kokkar. Vi følte oss nesten som adelege alle saman…
Deretter var det på med full uniform, og vi gjekk på lang rekke ned til sentrum av byen, ned til Piren. Tre korps heldt der utekonsert på den åpne plassen. Solevåg skulekorps var sist ute, og det er ikkje skryt at korpset imponerte stort. Dei var berre so flotte i sine nye uniformer , og spela berre so bra. Tydeleg at alle no begynner å bli rutinerte og at korpset generelt har øvd godt til turen
Alle har vært friske og turen har hittil gått utan uhell av noko slag. I kveld har medlemmane hatt fotballkamp med det andre korpset ute på plenen . Utruleg samhald mellom alle.
No er kl 23.00 og her på hotellet er det visst pensjonistdans inne for alle over 70 (?). Men det hindrar ikke jentene våre i å hive seg ut på golvet når det no blir spelt opp til i linedansen.
Men trur nok at mange no begynner å kjenne at dagen har vært full av gode opplevelser. Også mange av oss gir uttrykk for at det er dumt at det berre er ein heil dag igjen her i Bournemouth. Best å samle krefter og gå til ro snart, slik at vi også i morga får ein opplevelsesrik og fin dag!

Helsing oss alle.


2 kommentarer:

jorunn sa...

Dette ser berre flott ut!! Doke har tydelegvis både imponert og hatt det kjekt!! Her var det pissregn i går, og i dag tidleg var det nysnø langt ned i fjelle på hi sida!! Så nyt godveret så lenge doke har det!!God tur til London i morgon!!

Unknown sa...

Det er bra dere koser dere, og at været er så fint! Spennende å følge med dere på bloggen. Cecilie B.